Aktuelt
Stilling ledig
Miljøterapeut, BARM oppfølgingssenter
Dette jobber vi med
Oppfølging og ettervern
Boligsosialt arbeid
Rusbehandling
Barnevern
Psykiatri
Utviklingshemmede
Om Kirkens Sosialtjeneste
Her finner du våre tilbud
Vil du støtte oss?
Kilden
Forsiden

Sideblikk inn mot barnevernet

22.06.2010

Det går av og til an å vera stolt over fylket sitt. I dag vil eg gle meg over at eg bur i eit fylke som har prioritert born i krise høgt. Takk til dei politikarane og byråkratane i Hordaland og Bergen som i mange år prioriterte barnevernet svært høgt!

No arbeider eg med oppfylgjing. Men starten på mitt engasjement i Kirkens Sosialtjeneste var innan barnevernet, på Styve Gard. Eg arbeidde i barnevernet i ei tid der ressursane var knappe, i alle fall i vår del av systemet. Så sleit gode medarbeidarar seg ut i løpet av kort tid, og vi måtte tola stor ustabilitet i arbeidsfellesskapet.

Så vart rammene betre, og turnusar vart til å leva med. Det gjorde at vi fekk stabilitet, og det vart utvikla gode fagmiljø som gav betre hjelp til ungdomane.

Ein av mine store gleder, er å møta igjen nokre av ungdomane frå denne tida. Ungdomar som ein gong var i ein desperat situasjon, men som fekk hjelp og som kom over kneiken.

No er det andre tider. Bufetat må kutta 130 millionar i Hordaland, i år! Det er jo godt gjort hvis dei kan klara å få til dette utan at det går ut over borna og ungdommane.

Idealet no, er dei regionane som har brukt mykje mindre midlar på barnevern. No skal vår region justerast ned til deira nivå.

Det går i alle fall utover dei som arbeider i dette systemet.  Det gjer vondt å sjå ildsjeler som har lagt liv og sjel inn i innsatsen for borna i barnevernet, bli behandla så dårleg av oppdragsgjevarane sine.

No svingar pendelen mot fosterfamiliar som løysing på problema innan barnevernet. Eg trur det kan ha mykje for seg, men eg er usikker på om det verkeleg fins nok familiar som vil tola den ekstrabelastninga det er å få så krevande born og ungdomar inn i heimane sine?

Eg trur det er svært optimistisk. Eg har sett engasjerte familiar ta på seg oppgåver som var langt meir krevande enn dei kunne forestilla seg. I nokre tilfelle gjekk heile familien i oppløysing i kjølvatnet av innsatsen.

Så eg trur vi framleis har bruk for gode institusjonar med erfaring og kompetanse. Eg trur det er alvorleg å byggja ned gode fagmiljø, slik det no ser ut til å skje, ikkje minst innan dei frivillige organisasjonane. Eg trur det kan bli bruk for dei, når dei kanskje ikkje finst lenger.

Ein person som ikkje får den hjelpa som trengs av barnevernet, kostar samfunnet store summar i mange år. Og nokre av dei kjem til å skada seg sjølv og andre alvorleg. Det er dårleg samfunnsøkonomi å prioritera desse borna for lågt!

Eg skulle ynskja at regionane som satsa mest på barnevern, igjen vart idealet, for eg veit ikkje mange felt som er like viktige som borna. Det er godt med gode vegar, og baner; det er viktig å tryggja gode arbeidsplassar. Men borna er viktigare enn dei fleste gode formål. Når dei er i krise, skulle dei og alle som kan bidra for å hjelpa dei få gode rammer og vilkår; betre enn dei får no.

 

 

 

 

 

 

 

 

Ragnar Tesdal
Verksemdsleiar
Kalfarhuset oppfølgingssenter, Bergen



< tilbake

Aktuelt
Stort jubileum på Rostad Ungdomsheim
18.08.2010
I hele september markeres jubileet av 50 års drift på Rostad Ungdomsheim. G..
>>Les mer
Viktig ESA-dom for ideelle aktører
18.08.2010
Det er ikke i strid med EU-reglene at norske myndigheter prioriterer ideell..
>>Les mer
Stolte medarbeidere og vemodig avslutning
18.08.2010
30. juni markerte Solstrand Barnevernsenter at Korttidsavdelingen er lagt n..
>>Les mer
Driftstyrer avviklet i deler av organisasjonen
18.08.2010
Hovedstyret i Kirkens Sosialtjeneste vedtok 10.juni å avvikle driftsstyrene..
>>Les mer
>>Tidligere saker

 

 

Sidene er utviklet av Ludens Reklamebyrå og GlitchProductions © 2004